Peder Torjusson Tjørhom - f. 01.02.1877, d. 18.04.1960

Peder Torjusson var  født på bnr. 1, "Der oppe" på Tjørhom. Han var son av Torjus Ådneson Tjørhom II og Gurå Torjusdotter Kvæven frå bnr. 1, "Der heima" på Kvæven. Gift den 27.04.1900 med Helga Malena Gunnleivsdotter Handeland, (f. 25.11.1876, d. 17.03.1964) frå bnr. 1 på Handeland.

Peder Torjusson var mykje med i kommunalt arbeid, blant anna i skulestyret og fattigstyret for Øvre Sirdal. Då han døyde sto det i nekrologen om han at han "var ein fredsæl og stillfarande mann som ofra seg heilt for garden og sine kjære. Han hadde sterke religiøse interesser og var ein trugen mann i kyrkje og bedehus"

Bind I, side 297.