Torgeir Olson Sinnes - f. 28.09.1910, d. 10.12.1983

Torgeir Olson Sinnes budde på bnr. 23, "Nygård" på Sinnes. Han var født på bnr. 8 på Sinnes og var son til Ola Person Sinnes og Inger Olena Torjeisdotter Tjørhom. Torgeir var nr. 3 i ein syskenflokk på 10. Han arbeidet ei tid i på gard i Bjerkreim. Hadde tenkt seg til Amerika, men fekk brev frå bror sin, Peder (som var reist før), som fortalte at det var så dårlege tider i Amerika at han ikkje måtte koma.
Ola Person skilte frå ein større part av garden sin for Torgeir. Han var den fyrste bureisar på garden, som fekk namnet bnr. 23, "Nygård". Torgeir arbeidet i mange år som linjearbeidar for Vest-Agder Everk, han ardeidet også i fleire år på Sira - Kvina anlegget.
Den 25.09.1943 gifta han seg med Bergljot Pedersdotter Tjørhom frå bnr. 1, "Der oppe" på Ytre Tjørhom.

Bind I, s. 267.