Torjus Ådneson Tjørhom II - f. 20.10.1838, d. 09.04.1913

Torjus Ådneson Tjørhom var son av Ådne Torjusson Tjørhom I og Todne Olsdotter Eigeland frå bnr. 4, "Der Heima" på Eigeland. Gift den 02.07.1862 med Gurå Torjusdotter Kvæven, (f. 27.11.1838, d. 14.11.1920) frå bnr. 1, "Der heima" på Kvæven. Dei var busett på bnr. 1, "Der oppe" på Ytre Tjørhom.
Torjus var ei tid omgangsskulelærar og han sat i herredstyret i ein mannsalder.

Ved skyldeling av 13.05.1911 skilte han ut plassen "Knodlen" som sjølveigarbruk for dottera Todne. Dette fekk bnr. 10 og ei skyld av 20 øre. Etter at Torjus døyde blei garden delt i 2 like store bruk mellom sønene Peder og Gabriel. Det nye bruket fekk namnet "Austvold" og bnr. 12. Gabriel fekk det nye bruket, mens Peder sat att med hovedbølet.

Den elste sonen Ådne gifta seg med ei gardjente på indre Tjørhom og den nest elste sonen Torjus reiste til Amerika og vart verande der.

Bind I, side 297.